Sykkylven Reiselivsforum

5. februar. 2012.
Tekst størrelse
  • Større skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift
Startsida Turar Båtturar

Båtturar

E-post Skriv ut PDF
Turar Sykkylven har eit aktivt småbåtmiljø. Småbåthamna på Ikornnes og miljøet rundt denne har dei siste åra utvikla seg til å bli det sentrale reiselivs- og opplevingssenteret i Sykkylven. Sidan starten i 1997 har eldsjelene i båtlaget bygd opp ei hamn som er vurdert som ei av dei beste i landet. Det kjem ikkje berre av alle fasilitetane som dei sjøfarande får nyte godt av ved sjølve brygga, men like mykje av attraksjonane som ligg i tilknytning til hamna.

For båtfolket kan småbåthamna tilby sanitæranlegg, vaskemaskin og tørketrommel. Kontaktinfo: Styreleiar Bjørn Utgård. For båtplass: Kasserar Odd Hamre, tlf 70253181. Heimeside: www.ikb.no

 

På andre sida av Sykkylvsfjorden ligg Sykkylven Småbåthamn. Her er det ankringsplass for medlemmer og gjester. 20 gjesteplasser. Her kan ein få kjøpe drivstoff. Tilgang til elektrisitet og sanitære installasjonar. Styreleiar Runar Klokk. Tlf. 92625786.

Tilreisande kan også ankre opp i småbåthamna i Hundeidvik.

Har du behov for å kome til og frå sjøvegen står hurtigbåten MS Nordic Genesis med plass til 11 passasjerar til disposisjon. Tlf. 92286342.

Turar Selskapet Cruiseservice AS tilbyr i perioden 25. juni til 15. august faste turar gjennom ein av de vakraste fjordane i landet, Hjørundfjorden. Første stoppestad i fjordcruiset er Hundeidvik i Sykkylven. Herifrå kan du følgje båten inn til Øye og vere med på busstur til Hellesylt. Turen går vidare med båt til Geiranger. Tur-retur. Du kan også stige av på den andre stoppestaden i Hjørundfjorden, Trandal, og vandre over fjellet attende til Sykkylven. Kontakttelefon Cruiservice: 70199090.

 


 

 

Padling

Vil du ta deg fram på sjøen med eiga kraft, hjelper Sykkylven Aktiv deg med det. Dei tilbyr kvar sommar kurs i padling og leiger ut kajakkar. Påmelding/info: \n Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. .



Del på sosiale medie:
Sist oppdatert ( mandag 05. mai 2008 04:58 )  
1. Vår-tur til Søre Regndalstind av Jan Gunnar Hole.
2. Foto frå Sykkylven av Arild Solberg.

 

Sykkylven kyrkje

Sykkylven kyrkje er eit av dei mest karakteriske og særprega kyrkjebygga på Sunnmø...

 

Næringsliv

Sykkylven er Norges fremste møbelkommune, og slik har det vore sidan 1940-åra. I kommune...

Kven er online?

Vi har 1 gjest her no

Spørreundersøking

Kva set du mest pris på med Sykkylven?