Sykkylven er ein kommune som ligg midt i hjartet av Sunnmøre. I denne kommunen vil du finne alle dei naturformasjonane som gjer Sunnmøre til ein unik region i internasjonal reiselivssamanheng.
Naturkontrastane er større i Sykkylven enn nokon annan stad: Her er majestetiske tindar og flate bøar, her er kvite fossefall og Nord-Europas kortaste lakseelv, her kan du ankre opp i ei lun vik og omgje deg med naturkulissar som kan ta pusten frå den mest blaserte. Dei same kontrastane finn du i næringslivet: Her ligg Skandinavias største møbelfabrikk, Ekornes, kjend for kvilestolen Stressless og her er vesle Cylindra som skaper kunstmøblar inspirerte av sunnmørsnaturen.
Industribedriftene langs fjorden pregar ein del av kulturlandskapet, men i Sykkylven finn du også eit av dei leiande miljøa i Noreg innan økologisk landbruk.
I Sykkylven har vi allsidige handelstilbod, hotell og fleire serveringsstader. Her er museum, galleri og aktivitetstilbod for små og store, mellom anna eit oppvarma utandørs badeanlegg.
Sykkylven Reiselivsforum
På denne heimesida til Sykkylven Reiselivsforum kan du orientere deg om mange av dei attraksjonane og tilboda som finst i Sykkylven. Ved å orientere deg fram gjennom dei ulike linkane kan du danne deg eit bilete av kommunen i fortid og notid.
Sykkylven Reiselivsforum er ei interessegruppe for dei som arbeider innan reiselivet i kommunen og andre som er opptekne av at dei som kjem til Sykkylven skal kjenne seg velkomne. Ta gjerne kontakt med oss på \n
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
om du har spørsmål eller tips som kan føre til at sidene våre vert enno meir informative.
Del på sosiale medie:








