Ja til reiselivssamarbeid
Fleire av aktørane i det lokale reiselivet var til stades då Sykkylven Reiselivsforum skipa til møte i lokala til Ikornnes Båtforening sist onsdag. Det viktigaste diskusjonstemaet denne kvelden var Sykkylven si tilknytning til Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS). Destinasjonselskapet er eit felles marknadsføringsselskap for reiselivsbedrifter og kommunar på Sunnmøre og har som hovudoppgåve å skaffe fleire turistar til området. Selskapet er etablert utifrå erkjenninga av at ein når lenger med felles innsats enn om kvar enkelt bedrift eller kvar kommune skal prøve å gjere seg gjeldande i dei store reiselivsmarknaden åleine.
Det var også slik dei så det dei lokale reiselivsrepresentantane som var med å diskutere saka onsdag. Det vart vist til at destinasjonsselskapet har arbeidd aktivt i t.d England, Tyskland, Spania og i Baltikum og at dette har resultert i ein markant turistvekst på Sunnmøre. Arbeidet med å få cruisebåtar til regionen har også lukkast godt. Nokre av desse turistane har funne vegen til Sykkylven, mellom anna til småbåtanlegget, spisestaden og badeanlegget på Ikornnes og til møbelgalleriet til Cylindra.
Sykkylven kommune har dei siste åra vore medlemer i DÅS. No har selskapet sendt brev til medlemskommunane om at kontingentsatsane skal justerast. Det nye er at alle kommunar skal betale ein lik sum pr innbyggar; 25 kr. Sykkylven har så langt betalt ein lågare sum pr innbyggar enn fleire av dei andre medlemskommunane. Selskapet har dermed varsla ein kontingentauke frå 120000 kr pr år til 187 000 kr pr år for Sykkylven sin del. Dette har ført til ein viss debatt mellom politikarane i bygda. Tema for diskusjonen har m.a. vore om dei pengane som går til DÅS kanskje med større utbyte kan nyttast til å utvikle lokale reiselivsprodukt. For å diskutere dette hadde reiselivsforumet invitert kommunen til å vere med på møtet.Varaordførar Odd Jostein Drotninghaug som representerte kommunen, fekk klare tilbakemeldingar. Møtedeltakarane var samde om at den beste måten å få meir turistar til kommunen på var å halde fram samarbeidet med DÅS. Kommunen måtte bruke mange gonger medlemskontingenten for å få den same effekten ved eigenprofilering, vart det sagt. Dersom Sykkylven skulle trekkje seg frå samarbeidet i DÅS vil heller ikkje reiselivsbedriftene i kommunen få vere med i selskapet og fell dermed ut av dei brosjyrene og marknadsføringsopplegga som DÅS i dag spreier verda rundt. Elles var det fleire av deltakarane i debatten som heldt fram at lokale reiselivsaktørar må bli langt flinkare til å informere DÅS om det som skjer i kommunen. På denne måten kan dei få fram informasjon om Sykkylven til alle dei tusen som kvar veke kjem innom informasjonskontoret deira eller besøket heimesidene på nettet.
Elles på møtet vart det sett ned ei arbeidsgruppe i Sykkylven Reiselivsforum som skal førebu ei formalisering av organisasjonen. Det skal m.a. lagast forslag til vedtekter som skal leggast fram på eit formelt konstituerande årsmøte i forumet i januar neste pr. Med i arbeidsgruppa vart; Ståle Welle, Eivind Busengdal, Eldar Kurseth, Maria Nerhus, Bjørn Utgård og Eldar Høidal.
Eldar Høidal
Ref.



Nyheter
Sykkylven kyrkje er eit av dei mest karakteriske og særprega kyrkjebygga på Sunnmøre. Det vart reist i betong og murstein etter at den gamle trekyrkja brann ned til grunnen i 1983....
Sykkylven er Norges fremste møbelkommune, og slik har det vore sidan 1940-åra. I kommunen ligg nokre av dei største og mest kjende møbelbedriftene i landet;...
Sykkylven er ein kommune som ligg midt i hjartet av Sunnmøre. I denne kommunen vil du finne alle dei naturformasjonane som gjer Sunnmøre til ein unik region i internasjonal reiselivssamanheng....
