Det einaste naturhistoriske museet mellom Bergen og Trondheim. Her er om lag 200 utstoppa dyr og fuglar plasserte i dei naturbiotopane dei høyrer heime.
Kunstnaren Stein Kåre Nygård har måla dei naturtru kulissane. I same lokala som Naturhistorisk Museum ligg Galleri Elvetun som kvar sommar har open utstilling med arbeida til ein eller fleire kunstnarar. Kontakttelefon: 70246500- kulturavdelinga Sykkylven kommune.