I fjella i Sykkylven er det ei rekkje fiskevatn, og løyser du eit fiskekort kan du fiske i dei fleste av dei.
Det vanlegaste fiskeslaget i desse vatna er aure, men her er også noko røye.
Fetvatnet og Andestadvatnet er store lågtliggande vatn, der det også går opp laks og sjøaure. Fiskesesongen strekker seg over heile sommarhalvåret. Sal av fiskekort på sportsforretninga Intersport B.S. Aure, tlf. 70254020.
Vi har to lakseelvar i kommunen, Straumen og Aureeleva. Straumen er Nord-Europas kortaste lakseelv.Sonen nederst i elva er reservert for flugefiskarar. Laks, aure og røyefiske med oter og drog i Fetvatnet. Laksefiske i Velledalselva. Fiskesesong frå 15.6 til 1.9. Sal av fiskekort m.a. ved Straumen Kro, Straumgjerde. Aureelva er ei flaumelv som dei siste åra har hatt godt fiske i nedbørsrike somrar. Elva er ca 3.5 km lang og har utløp like ved Sykkylven kyrkje. Fiskesesong frå 15.6 til 1.9. Fiskekort til sals ved Intersport B.S. Aure.



Fiske




