Ikornnes friluftsbasseng
På Ikornnes er det etablert eit nytt friluftsbasseng som industrileiaren Jens Petter Ekornes gav i gåve til heimkrinsen sin.Anlegget har tre basseng i forskjellige storleikar og sklie for dei minste. Her er bygd eit le som vernar mot vestavinden og her er flusst med benkar og stolar for dei som liker seg betre i det tørre enn i det våte elementet. Vatnet i bassenga er varma opp med overskotsvarme frå J.E.Ekornes AS som ligg like ved. Vatnet held stabilt ein temperatur på 32 grader C. Ope alle dagar sommarsesongen.
Opningstider i fellesferien er kvar dag frå kl. 12.00 til 18.00.
4. august til 7. september: mandag, onsdag og fredag kl. 17:00 - 19:00.
Laurdag og søndag kl. 12:00 - 18:00.
Heimesida til Ekornes Marina finn du her.
Badeplass ved Hauneset, 500 meter frå kommunesenteret. Her kan dei vaksne liggje å sole seg i grashellinga, medan borna badar i friskt fjordvatn. Ved Ekornes, avd. Vestlandske.
Badeplass ved Andestadvatnet, på Andestad
Vil du helst bade i ferskvatn er badeplassen ved Andestadvatnet eit godt alternativ. Badetemperaturen vert betre jo lenger ut på sommarsesongen vi kjem.
I kommunal regi er det offentleg bading i perioden september til mai i Sykkylven Symjehall på Aure og i Velledalen Symjehall ved Grendahuset i Velledalen. Kontaktinfo Sykkylven kommune, ved kulturavdelinga, tlf. 70246500



Bading




