I kommunesenteret Aure i Sykkylven er det gjort funn som viser at her har vore fast busetnad i mange tusen år. Spora etter langhus på markane ved Auregarden gjer det klart at staden må ha vore eit knutepunkt for eit større omland. Dei siste hundre åra har Sykkylven vore eit knutepunkt på ein heilt annan måte. Kommunen har vakse fram til å bli landets møbelkommune nr 1. Her ligg Skandinavias største møbelfabrikk Ekornes, skipa i 1934. Her er også ei rekkje mellomstore møbelbedrifter og eit nettverk av underelevandørar til møbelindustrien.
Dersom du er interessert i å få vite meir om føresetnadene for den rike industriveksten i Sykkylven dei siste hundre åra, ta kontakt med møbelbransjens dokumentasjonssenter, Norsk Møbelfaglig Senter, Storgata, Aure. Tlf.: 70253003. Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen . Heimeside: www.mobelfagligsenter.no.
Opningstider, alle kvardagar 08.30 – 16.00.
Link:
Sykkylven Naturhistorisk Museum, Blindheim, 6230 Sykkylven
www.natur-museum.no



Auremarka



