Sykkylven Reiselivsforum

5. februar. 2012.
Tekst størrelse
  • Større skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift
Startsida Artiklar

Artiklar

Velkommen til Sykkylven 2010

Vi som bur i Sykkylven ønskjer tilreisande velkomen til den vakre, ville og vennlege kommunen vår også i år. Sjølv om fabrikkane stenger dørene sine nokre veker i juli, er bygda full av liv og aktivitet også midt på sommaren. Viss du er interessert i å lære meir om kvifor denne kommunen vart Noreg sin møbelhovudstad, bør du ta ein tur innom utstillinga til Norsk Møbelfaglig Senter i Storgata. Her får du ei kort innføring i møbeleventyret på Sunnmøre. Opningstider kvar kvardag mellom 10.00 og 17.00. Museet har elles lagt til rette for fire opne vandringar gjennom produksjonslokala til Noregs største møbelfabrikk, Ekornes, i sommar. www.mobelfagligsenter.no

Det andre museet i kommunen er Sykkylven Naturhistoriske Museum. Her får du sjå mange av den norske faunaen sine dyr og fuglar, plasserte i naturtru montrar. Kyndig guide er på plass for å vise deg rundt kvar tysdag, onsdag og torsdag mellom 12.00 og 16.00. www.natur-museum.no

Ein av Sykkylven sine mest profilerte turistattraksjonar er den kombinerte møbelverkstaden/kunstgalleriet Cylindra i Tusvika. www.cylindra.no. Her kan du finne utstilt Peter Opsvik sine oppsiktsvekkande møbelskulpturar som har henta inspirasjon frå den mektige naturen på Sunnmøre. Cylindra-galleriet ligg ved vegen mellom Ikornnes og Hundeidvik, idyllisk plassert ved sjøkanten. Følg skilt. Handelssentrumet til kommunen er i kommunesenteret Aure. Her er det butikkar i dei fleste bransjar. Her er også spisestader som har tilbod både på dagtid og om kveldane. Nytt er tilbodet om bilfri hovudgate. Her kan du sitte på utekafe og nyte folkelivet som faktisk kan vere ganske livleg sjølv i eit ferierande Sykkylven. Men det er nok naturen, det storfelte alpelandskapet, den reine lufta og roa som trekk dei fleste til Sykkylven. Fjella og vatna ligg her som før. Her er det lagt til rette for mange fine turopplevingar og løyser du fiskekort kan du fiske i alle vatna. Vi har også eit par gode lakseelevar, Aureelva og Straumen, der det også dei siste åra har vore fiska store laksar og ørretar. Straumen er elles kjent som Nord-Europas kortaste lakseelev. Velkommen til Sykkylven, hjartet på Sunnmøre.

Sist oppdatert ( mandag 24. mai 2010 15:30 )

 

Setreoppleving

Setreoppleving I Sykkylven er fleire setrar framleis i drift. Her går dyra ute heile sommaren. På Nedsetra, ikkje langt frå kommunesenteret Aure, inviterer gardbrukarane dei besøkande til setra alle søndag...

Sist oppdatert ( onsdag 26. mai 2010 19:39 )

Velkommen

Velkommen Sykkylven er ein kommune som ligg midt i hjartet av Sunnmøre. I denne kommunen vil du finne alle dei naturformasjonane som gjer Sunnmøre til ein unik region i internasjonal r...

Sist oppdatert ( mandag 19. januar 2009 17:22 )

Les meir …
1. Vår-tur til Søre Regndalstind av Jan Gunnar Hole.
2. Foto frå Sykkylven av Arild Solberg.

 

Sykkylven kyrkje

Sykkylven kyrkje er eit av dei mest karakteriske og særprega kyrkjebygga på Sunnmø...

 

Næringsliv

Sykkylven er Norges fremste møbelkommune, og slik har det vore sidan 1940-åra. I kommune...

Kven er online?

Vi har 1 gjest her no

Spørreundersøking

Kva set du mest pris på med Sykkylven?