Sykkylven kyrkje er eit av dei mest karakteriske og særprega kyrkjebygga på Sunnmøre. Det vart reist i betong og murstein etter at den gamle trekyrkja brann ned til grunnen i 1983.
Det vart lagt ned stor lokal dugnadsinnsats då kyrkja vart innreidd og då det store kyrkjeorgelet skulle monterast. Gamle snikkarveteranar snikra kyrkjebenkane på dugnad og tok også på seg montering av det spesiallaga, danske kyrkjeorgelet. Kyrkja vert i dag mykje nytta som konsertlokale på grunn av den gode akustikken i kyrkjerommet. På Ikornnes er det ei lokal soknekyrkje, som vart realisert mellom anna takka vere ei raus pengegåve av møbelgründeren Jens E. Ekornes.






