Sykkylven Reiselivsforum

5. februar. 2012.
Tekst størrelse
  • Større skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift
Startsida Aktuelle emne Næringsliv

Næringsliv

E-post Skriv ut PDF
SykkylvenSykkylven er Norges fremste møbelkommune, og slik har det vore sidan 1940-åra. I kommunen ligg nokre av dei største og mest kjende møbelbedriftene i landet; Ekornes, Hjellegjerde, Brunstad, L.K.Hjelle, Formfin og Rajo. Ein av grunnane til at møbelindustrien har hatt så rike vekstvilkår i kommunen er at her også har vore eit nettverk av underleverandørar og kompletterande bedrifter, slike som emballasjeprodusenten Peterson AS, metallvareprodusenten Sykkylven Stål og madrassprodusenten Stjernemadrassen. I tillegg er her databedrifter, designkontor, grafiske formgjevarar og utdanningstilbod retta mot møbelindustrien. Til saman vert dette eit sterkt næringscluster som ein skal leite lenge for å finne maken til.
Industrimiljøet vert komplettert med teknologisk avanserte bedrifter som Møre Trafo, Nyborg AS og Europrofil.

 

I kommunesenteret Aure finn du eit variert og konkurransedyktig butikktilbod. Dei godt innarbeidde butikkane vert stadig supplerte med nye tiltak. Eit av dei siste tilskota er ein møbelbutikk som mellom anna har spesialisert seg på hyttemøblar.

Møbelindustrien er i ferd med å utvikle seg til ein turistattraksjon. Mange av dei som kjem til kommunen er nysgjerrige på korleis møbelbedriftene får fram dei funksjonelle og vakre produkta sine. I samarbeid med møbelindustrien har bransjens eige dokumentasjonssenter, Norsk Møbelfaglig Senter, dei siste åra arrangert omvisningar i nokre av bedriftene. Ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter for nærare informasjon, tlf. 70253003.



Del på sosiale medie:
Sist oppdatert ( mandag 12. mai 2008 03:51 )  
1. Vår-tur til Søre Regndalstind av Jan Gunnar Hole.
2. Foto frå Sykkylven av Arild Solberg.

 

Sykkylven kyrkje

Sykkylven kyrkje er eit av dei mest karakteriske og særprega kyrkjebygga på Sunnmø...

 

Næringsliv

Sykkylven er Norges fremste møbelkommune, og slik har det vore sidan 1940-åra. I kommune...

Kven er online?

Vi har 4 gjestar her no

Spørreundersøking

Kva set du mest pris på med Sykkylven?