I Sykkylven finst det eit nettverk av skogsvegar og stiar som kan nyttast til sykkelturar om du har ein sykkel med litt solide dekk.
Spør du kjentfolk vil du sikkert få gode råd om kvar du bør leggje vegen, eller du kan forske ut naturen på eiga hand ved å ta av ved den første stikkvegen du finn. Sykkylven Sykkelklubb har omtalt turar på heimesida si: www.sykkylvensk.no under linken Stiar.
Sykkylven Sykkelklubb arrangerer også sykkelritt for aktive syklistar. Dei største arrangementa i år vert terrengrittet Ekornes-rittet laurdag 7.6. og landevegsrittet Sykkylvsrittet den 17.8. Sjå klubbens heimesider for kontaktinfo.







