Fjellheimen i Sykkylven er eit eldorado for dei som vil boltre seg i friske nedfartar, i maskintrakka trasear eller i jomfrueleg puddersnø.
Her er også tilbod for dei som vil gå bortover i trygge og velpreparerte løyper. Fjellseterområdet har noko for ein kvar smak. Her finn du også Sunnmørsalpane Skiarena. Det er eit av dei best besøkte alpinanlegga på Nordvestlandet. Skiarenaen har fem heiser og 13 nedfartar. Av fem skitrekk, kan fire nyttast til kveldskøyring. Det gjev ein kapasitet på 4,5 km lyssette nedfartar på kveldskøyringane! Sesongen strekker seg normalt frå november til april.







