Ikornnes friluftsbasseng
På Ikornnes er det etablert eit nytt friluftsbasseng som industrileiaren Jens Petter Ekornes gav i gåve til heimkrinsen sin.Anlegget har tre basseng i forskjellige storleikar og sklie for dei minste. Her er bygd eit le som vernar mot vestavinden og her er flusst med benkar og stolar for dei som liker seg betre i det tørre enn i det våte elementet. Vatnet i bassenga er varma opp med overskotsvarme frå J.E.Ekornes AS som ligg like ved. Vatnet held stabilt ein temperatur på 32 grader C. Ope alle dagar sommarsesongen.
Opningstider 2010. |
|
| Opningstider frå 22. mai 2010: | |
| Fram til skulane tek ferie: | Kvardagar 17:00 - 19:00 |
| Laurdag og søndag 12:00 - 18:00 | |
| Seniorbading onsdag 18:00 - 20:00 | |
| I skuleferien: | Kvar dag 12:00 - 18:00 |
| Seniorbading onsdag 18:00 - 20:00 | |
Badeplass ved Hauneset, 500 meter frå kommunesenteret. Her kan dei vaksne liggje å sole seg i grashellinga, medan borna badar i friskt fjordvatn. Ved Ekornes, avd. Vestlandske.
Badeplass ved Andestadvatnet, på Andestad
Vil du helst bade i ferskvatn er badeplassen ved Andestadvatnet eit godt alternativ. Badetemperaturen vert betre jo lenger ut på sommarsesongen vi kjem.
I kommunal regi er det offentleg bading i perioden september til mai i Sykkylven Symjehall på Aure og i Velledalen Symjehall ved Grendahuset i Velledalen. Kontaktinfo Sykkylven kommune, ved kulturavdelinga, tlf. 70246500
Del på sosiale medie:








